Alice B. Toklas' sjølvbiografi av Gertrude Stein
Produktbeskrivelse
"Alice B. Toklas' sjølvbiografi" er ein kultklassikar og eit av Gertrude Steins mest tilgjengelige verk. Boka vert rekna som banebrytande, så mykje at fleire forlag i si tid frykta at det hadde skjedd feil under maskinskrivinga av manus. Gjennom augene til sin partnar, sekretær, kokk og muse, Alice B. Toklas, gir Stein lesaren eit unikt innblikk i sitt eiga liv. Dette resulterte i eit storartet publikumssuksess og ein tekst som, til tross for tidens gang, framleis er overraskande og engasjerande. Romanen kombinerer humor med skarp observasjon, og teiknar eit klart bilde av det særs spesielle og internasjonale kunstnarmiljøet i Paris tidleg på 1900-talet. Kritikken som Stein møtte, inkludert påstandar om at ho utleverte kunstnarane i verket, førte til at dei to kvinnene til slutt blei vennelause. Dette gjer romanen til eit godt eksempel på verkelegheitslitteratur, eit sjanger som slett ikkje er noko nytt fenomen. "SKALD sin klassikarar" er ein serie med utvalde verk som presenterer vel bevarte litterære skatter i ny, frisk nynorsk språkdrakt, og har som mål å gi leseglede til folket.