Dette er band 4 i serien om det å lafte – og det siste. Bøkene byggjer i høg grad på aktivitet. Vi har bygd lause hjørne, og vi har bygd HUSET som no står på Hjerleid handverksskole og er i tre delar: loft, stuggu og bakstuggu. Ein del av bygginga har vore det vi kan kalle studiebygging, og ein del har vore kurs. Den endelege oppstillinga vart arrangert som kurs, men der samstundes heile prosessen var fotografert og filma (video). Det ligg såleis føre eit stort materiale som kan nyttast i ymse samanhengar. Videosnuttar til bruk i opplæring kan bli eit neste steg. Denne boka har ni kapittel. Kapittel 1 dreiar seg om oppstillinga av HUSET på Hjerleid handverksskole på Dovre. Kapittel 2 handlar om det ikkje-synlege verktyet som tømraren nyttar seg av i arbeidet med å skapa eit hus. Kapittel 3 er framlegg til opplæringslaup for tradisjonshandverkarar i tre og med døme laft som spesialitet i den siste enden av opplæringa. Kapittel 4 handlar om buret. Det er eitt av husa i tunet og eitt av